Våre Turforslag

Høgronden 2114 m.o.h.

Denne turen tek om lag 8.5 timar tur/retur i gangtid utan oppakning. Oppstigningen til toppane er noko krevande på slutten, fordi det er bratt og steinete mot toppen. Stien er godt merka og svært lett å finne, turen går gjennom eit storslått høgfjellslandskap og utsikta frå toppen er fantastisk.

 

Digerronden 2015 m.o.h. 

Denne turen tek om lag 5 timar i gangtid t/r. Starten er slak i idyllisk landskap bort til foten av fjellet, deretter kjem ei oppstigning som går oppetter ura, etter eit meir eller mindre tydeleg råk. Noko steinete, men ikkje vanskeleg. Fantastisk utsikt til alle toppane i Rondeplatået ­ t.d. Rondeslottet, Høgronden og Smedene, samt Rondvatnet.

 

Digerronden - Midtronden - Høgronden

Om lag 10 timar gangtid t/r, og ein tur for dei spreke. Ganske krevande og væravhengig tur. Eineståande utsikt ettersom ein går over alle dei beste utsiktspunkta midt i platået.

 

Skranglehaugan

Eit unikt landskap med tydelege formasjonar ­ daudisgroper - frå istida. Blant dei stadene i Norge der gropene er mest intakte og synlege. Kort gangtid frå sætra, morenene og gropene ligg rett i front når ein går ut frå hytta, og derifrå er det berre å gå i gang med å utforske daudisgropene, småvatna i botnen, små fossefall og enorme steinblokker innover i dalen så langt ein orkar. Flotte småstader å raste fins overalt, lune groper og elvegjel med små sletter ved sida av er ypperlege solingsplassar.

 

Skagsnebbtjern

Tjernet ligg oppe i dalsida 1.5 timar frå sætra, på stien til Dørålsvatnet. Ved Gammelbubekken tek du av til høgre oppover og finn då vatnet inne i eit søkk opp mot Skagsnebb og toppane i Stygghøa. Går du attende oppe i Stygghøa utanom merka sti, har du flott utsikt framover heile dalen og over til Rondetoppane på andre sida.

 

Verkilsdalen

Ein av dei finaste turane dersom ein vil utforske dalen. Frå 6 timar og oppover, avhengig av kvar ein går på attendeturen. Her er du midt i villreinen sitt rike, og har du augene oppe, finn du restane av eldgamle fangstanlegg inne i dalen. I tusener av år har dette området gjeve veidefolket eit levebrød, og truleg har dei også sett pris på den frodige, vide dalen med fosseslør nedover bergsidene og bekkar på kryss og tvert i dalbotnen. Her kan du oppleve at reinen går og beitar, men reinen er sårbar, så vis omsyn. Sagtind på 2018 m.o.h. tronar over dalen, og her har det rasa ut steinblokker store som hus som no ligg nede i Verkilsdalbotn. Ein flott tur der du kjem langt inn i urørt natur, noko som gjer at nåtida må sleppe taket og jegerfolket lett dukkar opp i fantasien. På attendeturen kan du gå same veg, eller du kan prøve å krysse elva høgt oppe i dalen, slik at du kjem inn på råket som kjem frå Dørålsvatnet og Høvringen attende til Dørålen.

 

Bergedalsbekken

Ei perle hvis ein vil gå ein kort tur på eit par timar. Frå sætra følgjer du råket innover mot Digerronden og Langglupdalen, men tek til høgre når du kjem innpå flatene der dei første steinblokkene ligg. Her finn du raskt Bergedalsbekken, og langs denne fins det fleire flotte plassar som er usjenerte og fine til lange pauser, soling - og leik i vatnet om ein er herda. På turen attende kan du få med deg dødisgropene, blokkmarka og krysse gjennom terrenget utanom stien, sætra er stort sett synleg heile tida.

 

Neverbuhø

Hvis du vil ha ein rundtur på nokre timar, er turen over Neverbuhø eit fint alternativ. Frå tre timar og oppover. Her er det lettkupert terreng, vid utsikt og frodig natur heile vegen. Frå sætra kan du gå eller køyre ut til Dørålstjernene som ligg langs vegen eit par kilometer før sætra. Gå ut på kanten av flyene og finn ein merka sti ned mot brua over elva. Neverbudalen leier deg opp mot Neverbuhø ­ vel sjølv den ruta som er best for deg, bratt eller slak. Frå toppen går du ned i Vidjedalen og ser da sætra rett over dalen heile tida. Du kan enten vasse over elva hvis du er stødig og vaksen, ellers bør du gå opp til den andre brua som ligger lenger oppe i Dørålsdalen.