Velkommen til Nedre Dørålseter Turisthytte

ÅPENT 23.JUNI TIL 15.SEPTEMBER 2018

img 8065modNedre Dørålseter ligg heilt inntil Rondane Nasjonalpark som var den fyrste nasjonalparken i landet. Det 963 kvadratkilometer store området som vart freda i 1962 og utvida i 2003, ligg sentralt på austlandet, midt mellom Gudbrandsdalen og Østerdalen. Hytta har i dag 30 sengeplassar og 40 plassar i spisesalen.

Vi har mange gjestar som ynskjer å ta med seg vener eller kolleger og bu fast nokre dagar for å kosa seg i fin natur og nyte god mat og drikke. Nokre vel også Nedre Dørålseter som ei stilig rame rundt ei feiring i familien. Vår oppgåve er uansett å leggje til rette for eit triveleg opphald for gjestane våre.

Vi held på gamle skikkar i fjellet og tilbyr gjestane våre middag med tre rettar, kaffe og heimebakte kaker, og ein skikkeleg frukostbuffét.

Vi har også øl- og vinbevilling. Om kvelden kan ein slappe av rundt peisen saman med vener og familie i eit triveleg miljø i dei gamle sæterstovene frå 1880.

Frå Nedre Dørålseter har du eit ypperleg utgangspunkt for turar i nasjonalparken, eit storslått høgfjellandskap med 10 toppar over 2000 meter.

Du kan velja dagsturar eller lengre turar av ymse vanskelegheitsgrad. Vil du ha ein familievenleg tur, strekkjer den frodige Dørålsdalen seg ei mil innover frå sætra, og her går du langs elvar og vatn omkransa av toppar på båe sider.

Siktar du mot toppen, har du mange å velja mellom dersom du startar på Nedre Dørålseter. For dei som bur hjå oss nokre dagar, er det mogleg å ta ein dagstur til Grimsdalen, Folldal eller Hjerkinn og vere med på sæterkurs, ridning, moskus- eller elgsafari.

Vil du at vi skal leggje meir til rette for spesielle ynskje og behov, så ta kontakt med oss.

Vi vil ynskje deg velkomen som gjest i fjellheimen, anten du bur fast hjå oss nokre dagar, kjem vandrande eller berre vil stikke innom og nyte litt fjellro over ein kaffekopp.

Velkomen til Nedre Dørålseter Turisthytte.

Trond & Elin Stordal

 

Din heim i fjellheimen!